Kjell Pahr-Iversen - Tegninger fra 60-tallet til i dag

 

Kjell Pahr-Iversen - Tegninger fra 60-tallet til i dag
25.mai – 23.juni 2019
 

Stavanger-kunstnaren Kjell Pahr-Iversen er anerkjent gjennom deltaking i store utstillingar nasjonalt og internasjonalt. Mange vil kjenna Kjell Pahr-Iversen frå fargesterke "ikoniske" maleri, men han har og markert seg med teikningar blant anna i Rogalands Avis.
Bryne kunstforening har tidligare hatt gleda av å visa Kjell Pahr-Iversen, og me er ikkje mindre glade denne gongen. I utstillinga
Tegninger fra 60-tallet til i dag viser Pahr-Iversen ei stor samling svart-kvitt illustrasjonar, med forskjellige teikneteknikker. Teikningane er fulle av liv og humor, og viser spennvidda og utviklinga som teikne-kunstnar frå 60-talet og framover til i dag.

Kjell Pahr-Iversen, født 22.12.1937, er utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole og kunstakademia i København og Amsterdam. Han har hatt ei rekke utstillingar i Noreg så vel som  blant anna London, København, Paris, New York. Han er innkjøpt av tunge institusjonar som Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Bergen Billedgalleri, Oslo kommunes kunstsamlinger, Rogaland Kunstmuseum og Aarhus Bys samlingar.

Opning 25.mai kl 12:00: Forfattar Helge Torvund opnar utstillinga, musikkinnslag ved Vidar K. Schanche.
Gratis inngang opningsdagen.


Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17.

Meir info om Kjell Pahr Iversen


Tilbake