Bryne kunstforening

Du er her:
  • Kalender
  • TID av Tove Kommedal og Cato Løland

     

    TID 

    Utstilling med Tove Kommedal og Cato Løland, Bryne kunstforening 19. januar – 4. mars 2018.

    Cato Løland og Tove Kommedal møttest for første gong under eit kunstnaropphald ved AiR Lofoten i 2014. Sidan den gong har dei to kunstnarane møtst jamnleg ved ulike kunstnaropphald og eigenintierte workshops. Resultatet av desse møta manifesterer seg nå i utstillinga TID.
    I dette samarbeidet har dei produsert eit felles verk beståande av fleire skulpturar og foto.
    Duoen har gjennom møta og prosessane arbeidd med ulike materiale og objekt som dei har funne ved dei ulike stadene dei har møtst. I det endelege arbeidet har dei valt å omformulera materiala og objekta sine logiske funksjonar ved å ta dei ut frå sine tenkte bruksområde og sette dei inn i eit visuelt språk der komposisjon, form og farge legg føringar for objekta sin funksjonalitet. På denne måten ønsker dei med utstillinga å sette fokus på det poetiske aspektet ved våre felles erfaringar av objekta me omgås.
    Møta mellom Kommedal og Løland er sjølve premisset for denne utstillinga. Samtalar, fysiske utprøvingar, registreringar av omgivnadene dei har opphalde seg i og innsamling av material har vore metodane dei har arbeidd ut ifrå.

    Deler av materialet er henta frå residensopphald på Kunstnertunet Leveld i Ål i Hallingdal og på kunstnarbustaden på Utsira i Rogaland, verktøy frå atelier, samt  deler av plogverktøyet frå Kverneland industri, som er ein del av det jærske landskapet. 

    Tove Kommedal (f. 1970 I Stavanger, Noreg, bur og arbeider i Stavanger), arbeider innanfor fleire kunstneriske uttrykk og medier i forhold til kvart enkelt prosjekt. Hennar kunstneriske verksemd er prega av sosiopolitiske undertonar. Kommedal sitt  kunstnerskap er kjenneteikna av forskningsbaserte tilnærmingar og eksperimentering med kunsten og kunstnaren sitt potensiale for sosial og politisk påverknad, der utgangspunktet oftast er i møte med eit fysisk materiale. Eit gjennomgåande tema i Kommedal sitt arbeid er enkeltindividets sårbarheit i samfunnet.

    Kommedal har delteke på fleire internasjonale utstillingar som Forårsutstillingen, Charlottenborg Copenhagen (2017), Wilderness kuratert av Anne Haaning og Wendy Plovmand, New Shelter Plan i København (2015) og The Return of the Ghost, The 4th International Video Art Exhibition i Taiwan (2014).
    Andre nyare utstillingar er Hus – under radaren, Studio 17 i Stavanger (2017),  Definisjonsmakt, Oppland Kunstsenter (2017), When Species Meet, Telemark Kunstsenter (2017/16) og Definisjonsmakt / Og, Hå gamle prestegard (2015).
    Ho deltok óg i 2014 på grunnlovutstillinga Hvem eier historien?, Makt, kunst og demokrati, på Stavanger Kunstmuseum, samt på den årlege Vestlandsutstillingen der ho óg debuterte.
    Tove Kommedal

    Cato Løland (født i 1982 i Kvinnherad) bur og arbeider i Bergen. Han arbeider  innanfor ulike medier og uttrykk, men alltid med ei tilnærming til prosjekta sine gjennom utforsking i materiale og forskyvingar av deira verdi, funksjon og materialitet.

    Nyare separatutstillingar er The Spring Collection, Haugesund Kunstforening (2014), VESSEL(S), Entrée Satellite, ISCP, New York (2014), Coastal Cuts, Bærum Kunsthall(2016),
    Folded Lines, Battles and Events, Entrée, Bergen(2016) og Moving Matter, Trykkeriet-Senter for Samtidsgrafikk (2016).
    Komande utstillingar er Cold Current, Bologna (2018) og Kongsberg kunstforening (2019).
    Cato Løland

    Musikk av Signe Irene Stangborli Time på opninga.
    Utstillinga står til 4.mars.
    Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17.
    Utstillinga er støtta av:
    Statens utstillingsstipend
    Billedkunstnernes Vederlagsfond


    Tilbake

    Aktiviteter

    Kommende aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS