Første utkast/Adolescent outcast av Brynhild Winther


IndiviDUALISME, punk, rånekultur, Wunder-Baum, identitet, janteloven og det å aldri vekse opp...

Brynhild Winther Første utkast/Adolescent outcast
16.februar – 17.mars 2019

 Dei sa at tida renn vekk slik som elva, men eg visste at elvene var på veg til
sjøen
kor bølgene slår og slår mot steinane. I gamle dagar tok dei vaksne ofte feil.


 

Dei vaksne lærte oss ein song om at alle er like inni, sjølv om dei er ulike på utsida.
Eg

visste at det ikkje var sant, og eg forstod ikkje kvifor me skulle late som om alle var like.

 

indiviDUALISME
 

Stillheita før musikken startar. Før lyden
riv hol i vinden og flerrar kjøtet ut av pusten. Du har aldri
skreket høgare, styggare
vakrare

 

Går det an å spire utan å bryte fram?
 

Og alle orda du sa
blåste bort, så eg høyrde deg ikkje

 

Veit du, det finst menneske som aldri har holdt ein neve jord.
Det finst menneske som aldri har holdt ein draum lenge nok til å bli svart under neglene.

 

Det ligg noko under røtene til Wunder-Baum-treet.

……………………………

 Brynhild Winther er busett i Bergen, men vaks opp på Jæren, og i denne utstillinga får publikum møta hennar første stadsspesifikke arbeid. I ungdomstida gjekk ho ofte på ungdomsdiskoteket i Bryne mølle. I utstillinga ser ho på indiviDUALISME, tenåringsopprør, trass, Wunderbaum, punk, svartmetall, rånekultur, det å gjera val, definera seg sjølv og konstruera si eiga framtid. Utstillinga er også dedikert til dei som aldri vart vaksne.
 

Winther arbeider til vanleg med teikning, tekst og installasjon, men også med skulptur, foto og ein sjeldan gong måleri. Winther sin kunst kritiserer ofte reduksjonistisk perspektiv og måten verda blir forenkla gjennom språket. Ho jobbar også ofte med dyras individverdi. Men ikkje denne gongen.
Denne utstillinga inneheld hovudsakleg teikning, installasjon, veggarbeid i tekstil og ein tekstilskulptur.

 

Winther har bachelor og master i kunst frå Kunsthøgskulen i Bergen, KHiB. Ho har tidlegare stilt ut i mellom anna Tegnerforbundet, Høstutstillingen, Tag Team, Oppland
Kunstsenter, JoyForum, Bergen Kjøtt, Ålesund Kunstforening, Gjøvik Kunstforening, iSkotland og Nederland, og er innkjøpt av KORO. Ho skriv også kunstkritikk i bladet Billedkunst.

 

Meir om kunstnaren finn de her: www.brynhildwinther.no
 

Utstillinga er produsert med støtte frå Nordic Artists Centre Dale, NKDale, Bergen kommune og Norske Kunstforeninger.
Psyko Blasfemi spelar på opninga 16.februar kl 12:00.

Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17