Bryne kunstforening

Du er her:
  • Aktuelt
  • RESPECTARE – å se en gang til

    Brit Bøhme - Anne Knutsdatter Wille - Grethe Unstad

    RESPECTARE – å se en gang til

    Opning: laurdag 7. mars kl 12:00. Føredrag «Hvorfor er kunst viktig» av Natasja Askelund opningsdagen kl 13:00


     

    Kunstnarane seier sjølv om utstilinga:

     

    Utstillinga er ei vidareutvikling av tematikken ”Respectare”, som vi har samarbeidd om over fleire år. 

    Vi er tre biletkunstnarar busett i Bergen og jobbar med maleri, teikning, foto og objekt. Uttrykksforma spenner frå det figurative til det abstrakte, frå små intime format, til store romlege arbeid. Gjennom felles utstillingar og samarbeid vil vi utforske omgjevnadene våre og tilføre kvarandre nye impulsar. Prosjektet blir vidareutvikla gjennom ulike workshops og vi har ein open og dynamisk prosess der arbeida blir tilpassa dei ulike lokala.

    Respectare ("Respekt" frå latin "respectare" – å sjå om igjen/å sjå på ny). Som tematikk tar vi utgangspunkt i det daglegdagse og nære; korleis omgjevnader i dagleglivet verkar inn på våre visuelle val og uttrykk. Ved å fokusere på sansing og opplevingar i det kunstnariske arbeidet ønsker vi å få det trivielle til å bli det spesielle. Fargar og energi er ein viktig faktor i prosjektet. I sum kan dette seiast å handle om respekt, det  vere til stades i sitt eige liv, i eigne omgjevnader. 

    På same tidspunkt som opninga av utstillinga, arrangerer Time kommune ein Livsgledefestival, og opninga av utstillinga blir kopla opp mot festivalen. Livsgledefestivalen har sitt utspring frå opninga av Fritz Røed skulpturpark i 2004. Den formidlar mange uttrykk for alle aldersgrupper innan kunst, mat, samhald og natur, der inviterte og lokale aktørar deltar i ulike arrangement. I samband med montering av utstillinga kan vi ta imot besøk og workshop av skuleklassar, der vi lagar eit opplegg med utgangspunkt i tematikken til utstillinga. Vi ser klare parallellar mellom Livsgledefestivalen og prosjektet vårt ”Respectare”. Å sjå om igjen handlar om refleksjon; der daglegdagse opplevingar blir sett på nye måtar, som igjen stimulerer livsglede.

    Biletkunstnar Natasja Askelund skal halde opningstalen og foredraget ”Hvorfor er kunst viktig?”. Natasja Askelunds opningstale kan leses her

    Vi har hatt samarbeidsprosjekt sidan 2015, og vist arbeida på ulike stader; Svalbard, Sandnes, Bergen, Risør og nå Bryne Kunstforening.

     

    Meir info;
    Grethe Unstad
    Anne Knutsdatter Wille
    Brit Bøhme

     

     

    https://lh3.googleusercontent.com/R0AF88AIiX-AzcRhF5df1d3gg33snyDZkc_JNsvENjnw8K8tAHx5fEm7DQpAu_d5wyFBG0sTI2AvZWci16W_NtdCqVbAYuxtjrZG2CL8t-BMxkBC12L9RDyLnO1GOwvdVj0o7Ha8RmRZnkhkPA

     

     

    Aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS