Bryne kunstforening

Du er her:
  • Aktuelt
  • Frå New York til Jæren

    Bryne kunstforening viser nyskaffingar til eiga samling.

    Frå New York til Jæren

    26. mai – 17. juni i Bryne mølle.
    Bryne kunstforening viser nyskaffingar til eiga samling.
    Bryne kunstforening har ei eiga samling på 155 verk, innkjøpt eller fått i gåver gjennom dei åra kunstforeninga har eksistert. Våren 2018 viser vi eit utval av innkjøp/gåver frå dei siste 18 åra.
    Dei fleste verka er laga av Rogalandskunstnarar – frå Jæren og fylket elles. Vi viser arbeid av mellom andre Jens og Karen Erland, Kjell Pahr-Iversen, Herborg Kverneland, Turid Steinsland og Sven Undheim. Motiva er henta både ute og heime. Roar Lende sitt måleri Møte i NYC inspirerte til tittelen på utstillinga og er utgangspunktet for ei ferd – Løpende med Kjell Nupen og til havs med Ellen Marie Kalvigs Ferd III – til Torvrøyk på Høgjæren.

    Musikk ved Bjarte Edland på opninga 26.juni.
    Ope laurdag 12-16, sundag 13-17.

    Aktiviteter

    Kommende aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS