Bryne kunstforening

Du er her:
  • Aktuelt
  • Andre premisser

    Nina Bang Larsen
    Hilde Frantzen
    Line Anda Dalmar
    Kristin Velle-George

    Andre premisser
    Line Anda Dalmar
    Hilde Frantzen
    Nina Bang Larsen
    Kristin Velle- George

    Velkommen til utstillinga Andre premisser. I dette fellesprosjektet møtest fire kunstnerskap for å utforska ulike måtar å samarbeida på.

    Noko av det verste ein kan tenka seg som kunstnar er å bli kopiert av andre, eller å umedvite laga noko som liknar på nokon andre sine arbeider. Denne kunstnergruppa høpp ut i det med hovudet først. Ved å opna dørene mellom kvarandre sine kunstnerskap på vidt gap blir kunstnarne gjennom heile prosessen tvungne til å arbeida på ein annan måte, og med andre materialer og tema enn det dei er vane med. Dette skaper både utfordringar og inspirasjon, ei øving i å mista kontrollen og bli nysgjerrig på andre sine arbeidsmetoder. Samarbeidet sin natur - med vekslinga mellom det individuelle og det kollektive - skaper spenning og dynamikk.

    Kunstnergruppa består av kunstnarane Line Anda Dalmar, Hilde Frantzen, Kristin Velle-George og Nina Bang Larsen, og dette er gruppa sitt andre prosjekt saman. Resultatet frå det første prosjektet, Ukjent Prosedyre, kunne ein oppleva i Visningsrommet USF i Bergen mars 2016. Der var samtlege kunstverk produsert i eit tett samarbeid mellom kunstnarane. Før utstillinga mottok kvar kunstnar postpakkar med materiale frå dei andre kunstnarane sine atelier, blant anna råmateriale, påbegynte arbeid, skisser, foto. Med utgangspunkt i innhaldet i postpakken produserte kunstnarane kvar for seg utgangspunkt til fleire nye verk. Under montering vart resultatet frå det individuelle arbeidet blanda og vidareutvikla i fellesskap. Utstillinga bestod dermed av verk som alle inneheldt materielle og tematiske fragment frå dei fire kunstnarskapa.

    Til Andre premisser var prosedyren ein annen. I løpet av 2017 arrangerte kunstnargruppa to samlingar der kvar enkelt kunstnar hadde ein eigenpresentasjon med innføring i arbeid, metode og tematikk. I januar 2018 møttest dei fire kunstnarane i Trondhjems Kunstforening med materialer og planar til fire kunstverk kvar. I tillegg til eit eige arbeid, produserte óg kunstnarane eit arbeid for kvar av dei andre kunstnarane i gruppa. I utstillinga Andre premisser finn du altså ein Hilde Frantzen av Kristin Velle-George, ein Nina Bang Larsen av Line Anda Dalmar og ein Line Anda Dalmar av Hilde Frantzen, osv. Desse kunstverka skulle være tru mot kunstnaran som vart etterlikna, ikkje den som hadde produsert verket, og kunstnarane har på ein måte fungert som kvarandre sin kunstnarassistent, eller såkalla "ghost artist".

    Nina Bang Larsen (f.1981, Hardanger) bur og arbeider i Bergen. Har MA i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen.
    http://www.ninabanglarsen.com/ 

    Hilde Frantzen (f. 1982, Larvik) bur og arbeider i Oslo. Master i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen. http://www.hildefrantzen.com/

    Line Anda Dalmar (f.1983, Stavanger) er basert i Trondheim etter utdanning ved Konstfack i Stockholm og Kunsthøgskolen i Bergen.
    http://www.lineandadalmar.com/

    Kristin Velle-George (f.1977, Bergen) bur og arbeider i Stavanger og har MA i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen.
    http://www.kristinvelle-george.com/

    Musikkinnslag av General Forsamling på opninga laurdag 21.april kl 12:00.
    Utstillinga står til 13.mai.
    Ope laurdag 12-16 / sundag 13-17.

    Line Anda Dalmar av Kristin Velle George. Blyant på papir og skulptur i bark.

    Nina Bang Larsen av Line Anda Dalmar. Tekstilskulpturar.

    Hilde Frantzen. Tekstile relieff.

    Kristin Velle-George av Nina Bang Larsen. Tekstilskulptur.

    Kunstnarane Line Anda Dalmar, Hilde Frantzen, Kristin Velle-George, Nina Bang Larsen og leiar i Bryne kunstforening Kirsti Sandved.

    Musikkinnslag ved General Forsamling på opninga.


    Bildealbum

    Aktiviteter

    Kommende aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS