Bryne kunstforening

Du er her:
  • Aktuelt
  • Livsgledearrangement med Brynhild Winther og Kristin Auestad Danielsen

    Går det an å spira utan å bryta fram?
     

    Sjå og høyr om kunstutstillinga Første utkast / Adolescent outcast. med kunstnaren Brynhild Winther. Utstillinga ser med eit trassig tenåringsblikk på ønsket om å endre verda, punk, svartmetall, indiviDUALISME, rånekultur, Wunder-Baum og andre rituelle objekt, identitet, janteloven og det å aldri vekse opp. Utstillinga trekker òg liner mellom det som var diskoteket Møllå på 90-talet og Møllå som kunstscene.

    Litterært innslag ved forfattar og årets stavangerkunstnar 2019, Kristin Auestad Danielsen.

    Kunstbad-samtale mellom dei to kunstnarane

    Arrangementet blir i utstillingslokala i Bryne Mølle. Gratis inngang

    Aktiviteter

    Kommende aktiviteter

    Bryne Kunstforening, Bryne mølle, 3. etasje. Opningstider: laurdagar 12.00–16.00 og søndagar 13.00–17.00
    Levert av WebSite AS